6 ting du treng å vita om tiltak for førebygging av mobbing i barnehagen

B7 good 72dpi 1
Kilde: Marianne Kauer

1. I 2021 kom det ei ny lov om førebygging av mobbing i barnehagen

Det har lenge vore lover som seier at ein skal jobba for å førebygga mobbing i skulen. Først i 2021 kom det ei slik lov som også gjeld barnehagar. Det er lite forsking på temaet, men med den nye lova har ein sett søkelys på behovet for tiltak mot mobbing i barnehagen.

2. RKBU Vest har eit tiltaksprogram retta mot barnehagar

Saman mot mobbing er eit tiltaksprogram for å forebygga, avdekka og handtera mobbing i barnehagen. Hos RKBU Vest har det vore jobba med Saman mot mobbing sidan 2015. Tiltaket er i dag i bruk i barnehagar i Askøy, Fosen og Åfjord.

Les meir om Saman mot mobbing

3. Askøy kommune var først ut i Norge

Programmet er utvikla og testa ut i Sveits, med gode resultat. Ved RKBU Vest er tiltaksprogrammet omsett til norsk og tilpassa norske tilhøve. Den første kommunen som testa programmet var Askøy. Då fekk tiltaket midlar frå regionalt forskingsfond for å prøva det ut i alle barnehagane i kommunen. Askøy kommune hadde ein ny handlingsplan mot mobbing og ville ha eit kompetanseløft også inn i barnehagen.

4. Vi må undersøka om tiltaket verkar

Basert på resultata frå Askøy har RKBU Vest utvikla ein tiltakspakke med undervisningsopplegg, tilpassa materiell, nettstadar og ei instruktøropplæring.

Før RKBU Vest kan tilby Saman mot mobbing breitt ut til norske kommunar, må vi undersøka om tiltaket fører til færre negative handlingar og mindre mobbing i barnehagen. Dette gjer vi i ein stor studie. Ein slik studie må inkludera nok barnehagar til at ein kan stola på resultatet. I denne studien betyr det fleire enn 44 barnehagar.

5. Tiltaksprogrammet Saman mot mobbing har fått nye midlar

Saman mot mobbing fekk pengar av forskningsrådet sommaren 2022 for å undersøka om tiltaket fører til mindre mobbing også i norske barnehagar, kordan ein best mulig kan innføra tiltaket i norske kommunar og om innføringa lønnar seg økonomisk. Prosjektet er eit samarbeid mellom RKBU Vest, RKBU Nord, Narvik kommune og Bjørnafjorden kommune.

Prosjektet har også ei stor referansegruppe med representantar frå foreldreforeininga for barnehage, mobbeombod i nord og i vest, barnehagestyrarar og dei som har laga tiltaket i Sveits.


Vi jobbar her på grasrota med at fleire skal ønska kvarandre vel, gjera gode handlingar og vera bra for kvarandre. Menneske treng å kunna samarbeida og å ta vare på kvarandre.
Anita Skogstrand

6. Det er viktig å arbeida med førebygging av mobbing i barnehagen

Anita Skogstrand, Ingrid Kvestad og Morten Haaland som arbeidar med Saman mot mobbing hos RKBU Vest, meiner det er viktig å starta med førebygging av mobbing så tidleg som råd er. Dess tidligare du går inn og stoppar negativ atferd i samspelet mellom barn, dess større sjanse er det for at ein kan bryta negative sirklar.