Psykisk helse hos einslege mindreårige flyktningar

Tenaaring

Ny forsking frå RKBU Vest viser at einslege mindreårige flyktningar rapporterer om å vera bekymra og redde, men også meir hjelpsame enn norske ungdommar. Samstundes visar studien at klinikarar og forskarar bør vera meir forsiktige når dei tolkar eit SDQ-skjema utfylt av einslege mindreårige flyktningar, då instrumentet ikkje fungerer heilt slik det er tiltenkt på denne gruppa.

SDQ er eit spørjeskjema som kartlegg psykisk helse hos barn og unge. Skjemaet består av 25 spørsmål som målar fem dimensjonar av psykisk helse; emosjonelle problem, atferdsproblem, hyperaktivitet, venneproblem og prososial atferd. Skjemaet er mykje brukt i forsking, men og av klinikarar.

I ein ny studie frå RKBU Vest har forskar Sondre Aasen Nilsen med fleire, samanlikna einslege mindreårige flyktningar og norske ungdomars svar på spørjeskjemaet. Studien undersøkte også målareigenskapar ved SDQ når den blei utfylt av einsleg mindreårige flyktningar.

Det var tatt utgangspunkt i einsleg mindreårige flyktningar som er busett i Bergen og som har deltatt i prosjektet «Veien til selvstendighet.» Svara deira blei samanlikna med ei gruppe norske ungdomar frå «ung@hordaland-studien.» Gruppa hadde lik andel gutar og jenter.

Les meir om Veien til Selvstendighet

Les meir om ung@hordaland

Rapporterer meir om bekymring og frykt, men og om å vera meir hjelpsame

Dei einsleg mindreårige flyktningane rapporterte om å vera meir bekymra, redde og ulykkelege enn norske ungdomar. Svara deira viste også meir einsamheit, mobbing og mangel på nære vener. Samtidig rapporterte dei om å vera meir hjelpsame og å bry seg meir om andre enn norske ungdommar.

-Resultata viser at dei einsleg mindreårige flyktningane i større grad rapporterer om symptom som kan vera foreinleg med angst og depresjon enn norske ungdomar. Dette samanfall godt med det vi veit frå internasjonal forsking. Vidare antydar resultata at, sjølv om einslege mindreårige flyktningar opplev seg sjølv som hjelpsame og snille, synes dei at det er vanskeleg å knyta tette band til jamaldrande ungdommar, seier Nilsen.

Måleeigenskapar ved SDQ hos einsleg mindreårige flyktningar

Tross desse funna, viser studien samtidig at tolkinga av dei einsleg mindreårige sine svar på SDQ bør gjerast med varsemd. Statistiske analysar av måleeigenskapen til SDQ viste at spørsmål som er tenkt til å måla dei underliggjande dimensjonane av psykisk helse (som åtferdsproblem), i liten grad hang godt saman med kvarandre. Det betyr at ein bør vera forsiktig med å bruka summeskårar frå SDQ til å sei noko om underliggjande psykiske problem.

-Dette er viktig informasjon både for barnevernstenesta i Noreg, klinikarar og forskarar. Funna våre antydar at spørsmåla i SDQ ikkje nødvendigvis oppfattast på den måten dei er tiltenkt hos einsleg mindreårige flyktningar. Dette handlar nok både om kulturelle forskjellar og dei opplevingane dei har med seg. Ein bør difor ikkje bruka skårar på SDQ-skalaen aleine som einaste mål på psykiske problem hos einsleg mindreårige flyktningar, seier Kvestad.

Funna er også i tråd med andre internasjonale studiar som har undersøkt måleeigenskapen til SDQ hos einsleg mindreårige flyktningar. Det er samstundes eit behov for fleire studiar som undersøkjer korleis mykje brukte mål på psykisk helse, slik som SDQ, fungerer hos einsleg mindreårige flyktningar.

Les heile studien her

Nilsen, S. A., Kvestad, I., Randal, S. B., Hysing, M., Sayyad, N., & Bøe, T. (2022). Mental health among unaccompanied refugee minors after settling in Norway: A matched cross-sectional study. Scandinavian Journal of Public Health. https://doi.org/10.1177/14034948221100103