Gå rett til innhold

Behandling av fødselsdepresjon med mødregrupper

Baby ser ut av vinduet
Baby ser ut av vinduet

Bluesmothers er eit lågterskeltilbod for behandling av fødselsdepresjon. Tilbodet starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Tromsø kommune og Institutt for Psykologi ved UiT Norges Arktiske Universitet i 2012. No arbeidast det med at fleire kommunar skal ta i bruk mødregrupper som støtte for kvinner med fødselsdepresjon.

Arnold Goksøyr og Norma Vågstøl som jobbar med sped- og småbarnsfeltet ved RKBU Vest meiner at kommunane burde ha eit slikt tilbod. Konsekvensane av ein fødeseldepresjon hos mor vil vere negativt for heile familien og ofte vil samspelet med barnet bli vanskelegare. Barnet kan få dårlegare språkleg og kognitiv utvikling, faglege vanskar i skulen og plager med angst og depresjon i ungdomstid.

Vågstøl seier at ho og kollega Goksøyr har lest evalueringane for tiltaka som dei har sett på, og at dei er gode. Det har kome tilbakemeldingar om at dette tiltaket har vore livsforandrande for mange fordi dei har opplevd eit sted der dei er forstått, er blant likesinna og blir ivaretatt. Dei får også hjelp og støtte til å gjera noko annleis enn dei elles ville gjort. Det tar ikkje lang tid før ein ser resultata i samspelet mellom mor og barn, ifølgje Norma Vågstøl.

Sjå meir i video: