Gå rett til innhold

Lagar podkast for alle som jobbar i barnevernet

Logoen til barnevernspodden.

I barnevernspodden møtast seniorrådgivar Anne Marit Høyem og forskar Øivin Christiansen for å diskutera ulike sider ved å jobba i barnevernet. Begge to er tilknytt RKBU Vest.

På spotify kan du høyra den fyrste episoden av barnevernspodden.

23. mars kom den aller fyrste episoden av podkasten ut, og du kan høyra ein episode kvar gong det er eit barnevernsforum. Barnevernsforum er ein gratis webinarserie som går både vår og haust. Både forumet og podkasten er meint for kontaktpersonar og andre som jobbar i barnevernet. Barnevernspodden har ein uhøgtidleg form og skal diskutera dagsaktuelle tema med interessante gjestar i kvar episode.

Den fyrste gjesten Anne Marit og Øivin har invitert inn i studio er Ole Mikaelsen. Han har sjølv jobba i tenesta i 20 år. Dei tre snakkar om den store utskiftinga av kontaktpersonar i barnevernet, kvifor det er slik, kva som kan gjerast med det og kva grunnen er til at dei fleste trass alt blir i jobben sin.

Sjølv meiner dei at starten er litt famlande, men at det fyrst og fremst er mykje spennande stoff i episoden som kan bidra til viktige diskusjonar. Dei oppfordrar også lyttaren til å komma med innspel til tema som dei engasjerer seg spesielt for i arbeidet sitt. 

Vi lagar denne podkasten fordi vi har lyst til å snakka om barnevern og bidra til gode diskusjonar mellom fagfolk i barnevernet. På ein uhøgtidleg måte vil vi løfta fram barnevernsarbeidaren og gjera dilemma, utfordringar og engasjement i barnevernet meir synleg.
Anne Marit Høyem

Barnevernspodden skal inspirera til eigen refleksjon og diskusjon i barnevernstenesta over heile landet, kanskje du finn noko som du vil diskutera med ein kollega på måndag?

På spotify kan du høyra den fyrste episoden av barnevernspodden og følgja podkasten.

På RKBU Vest sine heimesider kan du melda deg på og sjå framtidige barnevernsforum.

Vil du kontakta barnevernspodden? Då kan du senda ein mail til Anne Marit Høyem på ahoy@norceresearch.no