Gå rett til innhold

Møt student og gruppeleiar frå nasjonal vidareutdanning i barnevernfagleg vegleiing

Kvinne med laptop i hånden og mann som står bak, Begge smiler.

Nasjonal vidareutdanning i barnevernfagleg vegleiing er ei samlingsbasert deltidsutdanning for tilsette i barnevernet i heile Noreg. Allereie no kan du søkja opptak til utdanninga, med frist 15.04.2023 (Ny frist for søkere til Bergen, Trondheim og Tromsø: 1.juni). Du finn lenkje til søknad lengre ned i saka.

Linda Kalsnes er på si andre samling på vidareutdanninga hos RKBU i Bergen. Til vanleg jobba ho i barneverntenesta i Kristiansand og har vore student sidan oppstart på studiet i haust. Kalsnes meiner at utdanninga er veldig relevant for arbeidskvardagen hennar, fordi den er praktisk retta.

- Eg vegleiar ein del i jobben min, og det er ein av grunnane til at eg valte å starta på vidareutdanninga. Ein får med seg gode tips og innspel til korleis ein blir meir bevisst i vegleiarrollen frå teorien, filmane vi ser og i frå dei andre studentane si erfaring og materiell, seier Linda Kalsnes. 

Portrettbilde av Linda Kalsnes
Linda Kalsnes er student ved vidareutdanninga

Brukar film for å bli tryggare i vegleiarrolla

På utdanninga filmar studentane seg sjølv i vegleiingssituasjonar. Dei lagar ein avtale med arbeidsgivar og ein nytilsett på eigen arbeidsplass, der det er den nytilsette som skal få vegleiing. I følgje Anne Marit Høyem, som er gruppeleiar på ei av gruppene i Bergen, filmar studentane seg sjølv for å få nye blikk på eigen vegleiing. Dei får tilbakemelding både av medstudentar og av gruppeleiar. Kva dei vil ha tilbakemelding på er det som oftast dei sjølv som definerer. 

Portrettbilde av Anne Marit Høyem
Anne Marit Høyem, seniorrådgiver ved RKBU Vest.

- Eg syns det var litt ubehageleg å sjå og høyra meg sjølv dei første gongane, men eg bestemte meg tidleg for å legga det vekk. Det er ein veldig god moglegheit for å få konkrete tilbakemeldingar på korleis eg opplevast som vegleiar. Det er ein intens og god måte å læra på, seier Linda. 

Også Anne Marit Høyem synes filmane bidreg til god læring. Ho seier at dei jobbar mykje med at det skal vera eit inkluderande læringsmiljø i gruppa, slik at det opplevast som trygt å visa fram det dei har jobba med. Dei brukar og eksempel frå filmane og sett det i samanheng med pensumet.

- For barnevernstilsette blir vegleiing sett på som ein av dei viktigaste faktorane for lite utskifting, førebygging av utbrentheit og beslutningar som er godt fagleg forankra, seier Anne Marit Høyem. 

På RKBU Vest sine heimesider kan du lesa meir om å filma seg sjølv for å bli tryggare i vegleiingsrolla.

Fakta om vidareutdanninga

  • Utdanninga er på mastergradsnivå. 
  • Ein må ha relevant arbeidserfaring frå kommunalt-, statleg- eller privat barnevern utover 3 år.
  • Studentane får 30 studiepoeng etter fullført studie.
  • Utdanninga held til i Bergen, Trondheim, Oslo og Tromsø. Den er eit samarbeid mellom alle dei regionale sentra og leiast av Universitetet i Tromsø.
  • I Bergen er det to grupper, med to gruppeleiarar. I kvar gruppe er det 10 studentar.

På UIT sine heimesider kan du lesa meir om nasjonal vidareutdanning i barnevernfagleg vegleiing.

Her kan du finna søkesida til vidareutdanning i barnevernfagleg vegleiing.