Ny studie skal gi kunnskap i arbeidet mot seksuell trakassering i ungdomskulen
Det har blitt gjort ein ny studie om elevane si erfaring av seksuell trakassering i ungdomskulen og skulen si handtering av dette. Studien viser at det er behov for auka kunnskap og ferdigheiter for å oppdaga og stoppa uønskt seksuell merksemd.
Hilde Slåtten, forskar ved RKBU Vest, ville undersøkja elevane si oppleving av kjønnsrelatert og seksuell trakasseing. Kjønnsrelatert trakassering handlar om trakassering på grunnlag av kjønn eller kjønnsuttrykk, mens seksuell trakassering handlar om uønskt seksuell merksemd. Denne studien gjeld både nedsettande kommentarar og fysisk berøring. På bakgrunn av intervjua kan forskaren seia at elevane opplever at seksuell trakassering er daglegdags og noko som dei berre må finna seg i.
Etterspør inngrep frå lærarane
I studien er det blitt gjennomført gruppeintervju, der forskarane har intervjua ei gruppe med jenter og to grupper med gutar. Alle elevane går på ungdomsskuletrinnet. Sjølv om opplæringslova og regelverket eigentleg tilseier at ingen elevar skal bli trakasserte, ser Hilde Slåtten at dette ikkje stemmer overeins med røynda.
I Noreg finnest tiltak som skal motverka seksuell trakassering, men desse er ikkje systematisk evaluerte. Dermed veit vi ikkje kva som fungerer når det gjeld å redusera seksuell trakassering blant ungdommar.
- Det kan godt vera at lærarane ikkje er klare over omfanget av problemet, eller ikkje ser trakasseringa. Det kan vera mange grunnar til dette. Fyrst og fremst tenkjer eg at det handlar om at det er blitt så normalisert av elevane, seier Hilde Slåtten.
Elevane etterspør i følgje intervjua at lærarane grip inn. Det kjem fram at nokre av jentene tenkjer at dei berre må godta trakasseringa. Dei trur at gutane ikkje gjer det med vonde hensikter, men meir som ein spøk. Analysane av intervjudata viser at trakasseringa vert oppfatta som «normal» når gutar bagatelliserer åtferda, medan jentene vert tause og usynleggjorte.
- Det var litt forskjellige erfaringar når det gjaldt inngripen, men fleire av elevane opplevde at det ikkje blei gjort stort for å stoppa dette og at dei syntes det var fint å få dela sine erfaringar med forskarane.
Behov for handling mot seksuell trakassering
Forskinga viser at seksuell trakassering ser ut til å vera ein vanleg del av ungdomskulturen for mange. Den utgjer ei utfordring når elevane ikkje sjølve ser problema med slik oppførsel. Sjølv om fleire av deltakarane ønska tiltak for å stoppa seksuell og kjønnsrelatert trakassering, kunne nokre av dei framstå som pessimistiske og utan håp når det gjaldt endring av situasjonen.
- Om lærarane då er uvitande om situasjonen, eller ønsket om å endra den, må vi setja inn tiltak for å forbedra den, seier Hilde Slåtten.
I intervjua kjem det også fram at det utviklar seg kulturar rundt den seksuelle trakasseringar. Jentene fortel at skjellsord som «hore» og klapsing på rumpa på ein måte er blitt akseptert. Nokon av intervjuobjekta fortel også om ein leik. Dersom dei kler seg på ein spesiell måte, er det tillate å slå dei på rumpa.
Etter å ha gjennomført intervjua og høyrt jentene sine historier, er det tydeleg for forskarane at det er behov for handling. Jentene hadde sjølve lite tru på at noko kunne gjerast med problemet, sidan det er så etablert og akseptert.
Hilde Slåtten seier at det ikkje er nokon vaksen som ville akseptert og tolerert denne typen oppførsel. Jentene treng nokon som tek ansvar. Ut frå funna i intervjustudien er det tydeleg at det finnes eit reelt behov for å læra både elevar og lærarar å gjennkjenna trakasseringa.
Undervisningsopplegg i ungdomsskulen
Intervjuundersøkinga har bidrege til å danne grunnlag for utarbeidinga av undervisningsopplegget "Stopp seksuell trakassering". Formålet er å redusera kjønnsrelatert og seksuell trakassering i ungdomsskulen. Tiltaket vert for tida evaluert gjennom ein randomisert kontrollert studie. Det betyr at nokre skular får tiltaket, mens andre skular, kalla kontrollskular ikkje får det. Deretter blir resultata til skulane samanlikna. Då vil ein kunne avgjere om tiltaket kan vera med på å redusera kjønnsrelatert og seksuell trakassering blant ungdomsskuleelevar.
Du kan lese heile intervjustudien her (Skrive av Hilde Slåtten og Kristi Malterud, prosjektet er delfinansiert av Rådet for psykisk helse gjennom Stiftelsen Dam)
Du kan lese meir om effektevalueringa av Stopp Seksuell Trakassering på RKBU Vest sine heimesider.